10 år sidan opninga av Vidsyn Næringsbygg
I november 2024 er det 10 år sidan Vidsyn Næringsbygg opna dørene for første gong. Bygget vart til takka vere stor innsats frå aksjonærane, og har sidan 2014 vore ein viktig møteplass for næringslivet i regionen.
Aksjonærane hadde ein klar visjon om å skape eit bygg som kunne gje plass til både små og store bedrifter, og som kunne vere til nytte for heile lokalsamfunnet. Det har vist seg å vere ein stor suksess.
Dei siste ti åra har mange ulike leigetakarar flytta inn i Vidsyn. Her finn ein alt frå små bedrifter til større selskap. Bygget har mykje å by på – som kontor, møterom, butikkar, bank, tannlege, velferdstilbod, restaurant og overnattingsmoglegheiter. Dette har gjort Vidsyn til ein stad der folk møtast, samarbeider og utviklar nye idear.
Bygget har vore ein viktig støttespelar for lokale prosjekt og satsingar, og ein tilretteleggar for å få bidra til vekst i regionen.
Vi er stolte av det vi har fått til dei siste ti åra og vil takke aksjonærane, leigetakarane og lokalsamfunnet for å ha gjort Vidsyn Næringsbygg til det det er i dag. No ser vi fram til dei neste ti åra med vekst, samarbeid og utvikling.
Vi feirar jubileet med kaffi og kake på Vidsyn fredag 6. desember kl. 12.00.
Velkomen! 🎉