VIDSYN

  • Ledige lokaler
  • Prosjektkontor
  • Drop-In kontor
  • Leigetakarar
  • Fasilitetar
  • Kva skjer på Vidsyn
  • Kontakt
  • Ledige lokaler
  • Prosjektkontor
  • Drop-In kontor
  • Leigetakarar
  • Fasilitetar
  • Kva skjer på Vidsyn
  • Kontakt

Julehelg på Vidsyn

27/11/2017

0 Comments

 
I helga har det vore julehelg på Vidsyn. Så kjekt at så mange tok turen innom Vidsyn denne helga. Fredag den 24.november kom Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen kommune, innom Vidsyn for å opne peparkakelandsbyen. Vi vil takke alle som har bidrege til at peparkakelandsbyen vart ein realitet, vi har fått god hjelp frå både barnehagar, skular og privat personar. Det har komme inn heile 27 bidrag, som alle er utruleg flotte. Peparkakelandsbyen vil verte open i heile desember, og så vert det kåring av dei beste bidraga 16.desember. Her vert det kåring av det beste bidraget frå skular/barnehagar og det beste bidraget som er sendt inn av privat personar. Denne helga var det også julemarknad kor både butikkane på Vidsyn deltok, samt utsillarar utanfrå. Det var tilsaman 9 utstillarar som solgte varer på marknaden, og fleire som fekk handla julegåver og anna hos dei. På laurdagen kom også nissen, ungane som var tilstades var svært fornøgd med besøket, og at han hadde med noko godt til alle i sekken sin. Takk for alle som stakk innom Vidsyn denne helga, og alle som deltok til at dette vart ein triveleg helg. 
0 Comments

Julehelg på Vidsyn

21/11/2017

1 Comment

 
Det vert julehelg på Vidsyn den 24. - 26.nov. Her vert det mange gode tilbod og kjekke juleaktivitetar som t.d. julemarknad, nissebesøk, opning av peparkakelandsby m.m. Ta turen innom Vidsyn denne helga! Tiboda denne helga ser du under.
1 Comment

Damer frå Gulen og Masfjorden koste seg på Damens Aften på Vidsyn - for ein kveld!

20/11/2017

0 Comments

 
16.november var det Damens Aften på Vidsyn. Dagen vart ein suksess, det var heile 58 damer som tok turen til Vidsyn denne dagen. Solgul Blomst hadde blomsterdekorasjonskurs og sal av blomster, Vidsyn hotell og restaurant serverte tapas, Go'foten fotterapi solgte varer, Klinikk Skogen hadde med seg Marianne Taule som er sminkør og solgte sminke og andre hudpleieprodukt, Jasmin Massajse solgte gåvekort på massasje, Naudsynt solgte varer som t.d. maling, garn og julepynt,  Beat stod for musikken og Gøril Sætre stod for fotografering. Elles hadde vi trekning av "goodiebags " og  blomsterdekorasjonar frå Solgul .Takk til alle som deltok og gjorde kvelden perfekt!  Vi gleder oss  allereie til neste gong.
0 Comments

Program for Damens aften: 16.november

10/11/2017

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Spydspiss i Gulen og Masfjorden: 23.november

10/11/2017

0 Comments

 

Er du nysgjerring på kva som rører seg i Gulen og Masfjorden kommunar? Vil du møta ulike verksemder, eller er du arbeidsgjevar og har behov for fleire tilsette?
Torsdag 23.11. kl. 16.30 arrangerer Gulen og Masfjorden Utvikling og NAV jobbmesse i Vidsyn, Sløvåg. Det vert også høve til å øve på intervju med eit speed-intervju, og du får høyre korte presentasjonar frå arbeidstakarar i ulike verksemder. I tillegg vil Christel Daae fortelje om sine erfaringar med å flytte heim og etablere ny verksemd, Optikar Christel Daae as.
​
PÅMELDING:
https://tjenester.nav.no/kurs/kursvisning/341149

Picture
0 Comments

Julehelg på Vidsyn: 24.- 26.november

10/11/2017

0 Comments

 
Fredag og laurdag  24. og 26. november vil Vidsyn arrangere julehelg på Vidsyn. Denne helga vil det verte mykje som skjer på bygget, både opning av peparkakelandsby, julenissebesøk, sal frå butikkane, julemarknad med utstillarar, julemiddag på hotellet og julebingo m.m. 
Picture
0 Comments

Damenes Aften - Torsdag 16.november

9/11/2017

1 Comment

 
Picture
1 Comment

Haustsal på Vidsyn - 10.november - 12.november

9/11/2017

1 Comment

 
Picture

Fredag 10. november - 12.november vert det tilbodshelg på Vidsyn. Mange gode tilbod hjå butikkane. Ta turen innom Vidsyn denne helga. På søndag er det også farsdag, på Vidsyn finn du gåvene. Velkommen! 

1 Comment

    VIDSYN

    Vidsyn Næringsbygg er eit bygg for butikkar og verksemder som treng tilgang til kontor -, butikk - og møtelokale. Bygget er også ein møteplass for lokalbefolkninga i Gulen og Masfjorden.  

    Archives

    August 2020
    October 2019
    September 2019
    April 2019
    November 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017

    Categories

    All

    RSS Feed

VIDSYN NÆRINGSBYGG

Om Vidsyn
Ledige kontorlokale
Prosjektkontor
Drop-in kontor
Leigetakarar
Kva skjer på Vidsyn
Kontakt oss
Personvernerklæring
Ladestasjon type 2 for elbil

ADRESSE

Sløvåg Næringsbygg AS
​Sløvågen 2
5960 Dalsøyra

Kontakt 
Gjert Øyvind Daae
401 78 612
oyvind@vidsyn-gulen.no
Org.nr: 994 617 206
© COPYRIGHT 2021